"anti-kjappkjapp"

Noe av det mest... (del 11)

Fredag 11. Mai 2012 ·   · Noe av det mest...

T T T
print denne siden

Noe av det mest…
givende, fantasifulle, interessante, innsiktsfulle, fantastiske, fascinerende, uselviske, pirrende, tankevekkende, tolerante, kontroversielle, oppofrende, heroiske, lærerike, motiverende, positive, rørende, stimulerende, utfordrende, idiotiske, sjofle, kule, negative, feilslåtte, amoralske, intolerante…
jeg har lest i det siste

(adekvate adjektiv får leseren selv finne fram)

Denne spalten er til vedvarende «hodebry». Det publiseres så mye – både stofflig interessant og godt skrevet, noen ganger begge deler! – at det er veldig vanskelig å plukke ut til denne spalten. Valget denne gang er falt på lederartikkelen i siste nummer av «Bondevennen» (i hvert fall nr. 17) – fordi 1) artikkelen går inn i kjernen i årets jordbruksoppgjør, fraværende i spaltene, f.eks. Agderpostens og fordi 2) den er skrevet på nynorsk, som jeg så absolutt vil beholde i skolen.. Her følger den under overskriften

- andreas raaum

Ulike mål på jordbruksinntekt

Det finst mange måtar å presentera inntektene i jordbruket på. Norsk institutt for landbrukøkonomisk forsking, forkorta til NILF, reknar på økonomien i landbruket. Driftsgranskingane frå NILF byggjer på skatterekneskapar frå utvalde bruk over heile landet, som er omarbeidde til driftsrekneskapar. 835 bruk var med i 2010, som er siste året lalet er publiserte for. Dessutan leverte 37 samdrifter innan kumjølkproduksjonen data til undersøkinga. Driftsgranskingane omfattar bruk med eit standard dekningsbidrag på minst 8 ESU (europeiske storleiksordningar). I 2010 svara dette til 76.900 kroner. Talmaterialet fråd esse utvalde bruka ligg til grunn for referansebruka som blir brukte i jordbruksforhandlingane.
Samla arbeidsinnsats per bruk var 2.936 timar. Brukarfamiliane stod sjølve for 74 % av den registrerte arbeidsinnsatsen.

NILF reknar ut inntektene etter fleire inntektsmål:
*Familiens arbeidsforteneste,
*Vederlag til familiens arbeidsforteneste og eigenkapital,
*Vederlag til arbeid og eigenkapital,
*Skattejustert vederlag til arbeid og eigenkapital.
Ein reknar også om til årsverkinntekt à 1845 timar.

Alle desse inntektsmåla er baserte på driftsoverskotet på garden. Kva mål av desse fire gir best uttrykk for inntekta til bonden? På oss verkar Familiens arbeidsforteneste mest relevant. Dette målet er driftsoverskot minus rentekrav på kapital bunden i jordbruket.

Avtalepartane, Staten og de to faglaga, har i staden valt Vederlag til arbeid og eigenkapital som inntektsmål. Her plussa rein på kostnader til leigd arbeid, og dreg frå jordbruket sin del av gjeldsrenter og kår.

Skilnaden mellom desse måla er ganske stor. Familiens arbeidsforteneste kan best samanliknast med lønsinntekter. Det uttrykkjer godtgjerdsla bondefamilien sit att med etter å ha betalt for leigd arbeid og fått godtgjort heile kapitalen som er bunden i jordbruket etter ein fastsett rentesats. Vederlag til arbeid og eigenkapital uttrykkjer derimot godtgjersla både for heile arbeidsinnsatsen på garden – også leigd arbeid – og for eigenkapitalen. Gjeldsrenter på kapital bunden i jordbruket og kår er dregne frå.

Av nyare dato er Skattejustert vederlag til arbeid og eigenkapital. Her kjem jordbruksfrådraget inn. Skattereduksjonen utgjer 28 % av frådraget, men avtalepartane greier å auke denne prosentsatsen monaleg ved å ta utgangspunkt i inntekt før skatt. Logikken i dette er for så vidt grei nok, bortsett frå at avtalepartane tek utgangspunkt i ein konstruert marginal skattesats på 33 %. Så er det viktig å nemna at det må vera høge nok inntekter til å få plass til dette frådraget etter dei andre skattefrådraga i allmenn inntekt, om ein skal få glede av det.

I påskenummeret, Bondevennen 13/14, fekk me fram skilnader mellom ulike inntektsmål på produksjon av storfeslakt, basert på Driftsgranskingane. I denne produksjonen syner Familiens arbeidsforteneste 96.600 kroner per årsverk for 2010. Mens vederlag til arbeid og eigenkapital ligg på 147.900 kroner og skattejustert vederlag er oppe i 180.800 kroner. Her det ikkje lett for bonden å kjenna seg att. I mjølkeproduksjonen er skilnadene mindre. Gjennomsnittet her var 195.000 kroner i Familiens arbeidsforteneste per årsverk, mens Vederlag til arbeid og eigenkapital synte rundt 231.000 kroner utan skattejustering, og 259.000 med skattejustering.

I studieopplegget om jordbruksavtalen Norges Bondelag utarbeidde, kom dei med mogelege forklaringar på kvifor ikkje alle kjenner seg att i inntektstala frå referansebruka, utan å nemna utgifter til leigd arbeid som ein del av forklaringa.

Me oppmodar faglaga og Staten om å sørgja for at også Familiens arbeidsforteneste blir presentert på referansebruka dette året, saman med Vederlag til arbeid og eigenkapital. Tala er lett tilgjengelege, og vil avsløra at inntekta bondefamilien får glede av både er lågare og varierer meir mellom produksjonane enn nåverande presentasjon får fram. (signert Odd M. Nordmark)

(Det går ikke fram hva Odd M. Nordmark måtte mene om sykehusdirektør Jan Roger Olsen og direktørstillingen hans.)

print denne siden